Ein leverandør som bryr seg

Tjenester

PRESENTASJON​

Med over 30 års erfaring i bransjen, har vi opp gjennom åra levert både Transview-skjermar, projektorarar, smart-board og interaktive skjermar. I dag er det ikkje nødvendigvis gitt kva som er beste løysinga for ditt tilfelle. Vi likar gjerne å sjå rommet, i det minste på bilete, før vi stiller i ein samtale om kva  teknisk løysing som vil gi best utbytte for deg og din organisasjon.

Sjå våre produkter her.

Konferanse

Videokonferanse er ikkje noko nytt, men tidlegare måtte ein gjerne ha eit dyrt utstyr for å kunne gjennomføre ein videokonferanse. Dessutan var det gjerne så komplisert å setje opp at mange kvidde seg på å bruke det.

Med begrensningane i reiseaktiviteten som ein har fått på grunn av covid-epedemien, så har det også tvinga seg fram mange gode løysingar som er tilgjengelege for ein rimeleg penge.

Vi har utstyr både for små og enkle samlingar, men også for større konferansar, samt utstyr for streaming av større forsamlingar.

Sjå våre produkter her.

Rådgjevning / brukarstøtte

Vi er ikkje ferdig med leveransen når vi går ut gjennom døra. Vi gir difor kundane våre gratis, livslang brukarstøtte pr telefon. Alle brukarar har såleis lov å ringe oss om dei har brukarvanskar med utstyr som vi har levert. Sjølv om vi på alle måtar ynskjer å leve opp til slagordet vårt, – ein leverandør som bryr seg, – ynskjer vi fyrst og fremst å gjere ein jobb som er så god at de aldri har bruk for å ringe oss.

montering og oppsett

Dersom det berre er utstyret vårt de er interessert i, så kan de gjerne stå for montasje sjølv. Med 30 års erfaring i bransjen, så har vi truleg montert fleire møterom og – salar enn nokon annan leverandør på nordvestlandet. Vi tar gjerne på oss oppdraget å montere alt utstyret som vi leverer, og vi er ikkje ferdige før alt fungerer.

Om oss

Gode løysingar legg grunnlaget for eit godt resultat. Det opnår vi oftast når vi kan utvikle løysinga saman med brukarane. Vi er ein totalleverandør, og vi vil gjere vårt ytterste for at du og di bedrift skal lukkast. Med nesten 30 år i bransjen, har vi opparbeidd oss både vesentleg kunnskap og erfaring. Dette vil kome deg som kunde til nytte.
Vi avsluttar dessutan aldri eit oppdrag før vi veit at du er fornøgd.

Våre skreddarsydde løysingar vil gjere presentasjonen din både enklare og meir imponerande. Filosofien vår er enkel: Når kundane våre lukkast, så lukkast vi. Vi er ikkje interessert i å selge deg berre ein palle med boksar,- men vi vil selge deg ei løysing som du kan ha glede av i mange år. I tillegg gir vi livslang, gratis brukarstøtte pr. telefon.

Vi er ikkje ferdig med leveransen når vi går ut gjennom døra. Vi gir difor kundane våre gratis, livslang brukarstøtte pr telefon. Alle brukarar har såleis lov å ringe oss om dei har brukarvanskar med utstyr som vi har levert. Sjølv om vi på alle måtar ynskjer å leve opp til slagordet vårt, – ein leverandør som bryr seg, – ynskjer vi fyrst og fremst å gjere ein jobb som er så god at de aldri har bruk for å ringe oss.

Kontakt oss

tlf.: +47 70 07 85 11
mob.: +47 913 55 782
E-post: gunnar@andaas.com
Adr. Nylenda 22 - 6100 Volda
Org.nr.: 964589550 MVA

Du er velkommen til å kontakte oss
Har du spørsmål om våre produkter, eller behov for hjelp til å finne løsninger, er du velkommen til å kontakte oss for en uforbindtlig avtale.

Har du bruk for hjelp?
Har du spørsmål om produkta våre eller bruk for hjelp til å finne gode løysingar, er du velkomen til å kontakte oss.