Du står her: Lerret

Lerret

bilde

Vi leverer alt i lerret, enten det skal vere manuelle, motoriserte eller mobile. Bakgrunnsprojeksjon eller vanleg framgrunnsprojeksjon.



Les meir

Styringssystem

bilde

Dei fleste apparat kan leverast med eigne fjernkontrollar. Blir det for mange fjernkontrollar og knappar, kan det til slutt gå rundt for dei fleste. Vi leverer enkle og avanserte styringssystem der mange funksjonar blir løyste med eit enkelt tastetrykk. Styringssystema kan også kontrollerast via nettbrett og mobiltelefonar.



Kablar, kontakter mm

bilde

Skal du ha eit møterom, skal datamaskiner og andre signalkjelder gjerne koblast saman på ein ryddig og funksjonell måte. Samtidig er det ikkje noko stas å ha lause kablar liggande over golvet. Vi får det ikkje berre til å fungere. Vi koblar det også opp på ein ryddig og oversiktleg måte.



Tolkesystem

bilde

Trådlause tolke- og guidesystem er godt egna ved omvisning i bedrifter, tolking i kyrkjer og forsamlingslokale, mm. Systemet er svært fleksibelt, og ein kan kjøpe så mange eller få mottakarar som ein har bruk for. Ein kan også sende med fleire tolkar eller guidar samstundes. Tak gjerne kontakt for meir info.



Les meir

Videokonferranse

bilde

Videokonferranse var tidlegare avhengig av kostbart utstyr. I dag kan ein også med hjelp av tilleggsutstyr kobla til datamaskiner få til trygge videokonferansar. Tak gjerne kontakt for meir informasjon.




Projektor

bilde

Dei fleste har brukt ein projektor i ein eller annan samanheng. Å velge rett projektor er det likevel ikkje mange som kan. Vi hjelper deg å finne rett lysstyrke, størrelse, oppløysing, linsetype osb.
Vi har over 20 års erfaring i bransjen og lar deg gjerne få del i våre kunskapar og erfaringar.



Tak og veggfeste

bilde

Vi har tilgang til eit stort utval tak- og veggfeste, både for projektor, TV, høgtalarar mm. Med projektoren fast montert, er det større sjanse for å finne den på plass neste gong du har bruk for den.



Signaldistribusjon

bilde

Dersom kabelføring og distribusjonssystem er rett lagt opp, er det ikkje nokon vanske å få ein projektor til å hente signal frå mange ulike kjelder og stader. Det er heller ikkje nokon vanske å få signalet frå ein pc til å verte distribuert til mange ulike projektorar og skjermar.



Lyd

bilde

Lyden er ofte ein viktig del av presentasjonen. Likevel er det kanskje den delen som oftast vert gløymt. Enten det skal vere lyd til eit vanleg møterom, eller det er snakk om meir avanserte lydsystem til forsamlingslokale eller kyrkjer, så gir vi gjerne lyd frå oss.






Din totalleverandør av lerret

bilde

Vi leverer lerret ulike størrelsar, manuelle og elektriske, matte og blanke,- for bakgrunnsprojeksjon og for vanleg framgrunns projeksjon. Nøl ikkje med å kontakte oss om du har bruk for å diskutere ditt behov for lerret.



Lerret faste rammer

bilde

Rammespente lerret kan enten brukast i heimekino samanheng, eller ved oppspenn av store lerret i ein hall.

Rammespente lerret kan enten vere laga for vanleg projeksjon, eller for bakgrunnspojeksjon. Ved bakgrunnsprojeksjon står projektoren på baksida av lerret og lyser mot forsamlinga.
Vi kan også skaffe rammelerret for leige.

[Les meir]


Motoriserte lerret

bilde

Motoriserte lerret var tidlegare gjerne veldig kostbare. I dag kan vi få motoriserte lerret til ein pris som vi trur er akseptabel for dei fleste. Opptil 300 x 300 kan ein velge mellom manuelle og elektriske lerret. Når størrelsen kjem over 300 cm breidde, må ein alltid ha motorisert lerret. [Les meir]



Manuelle lerret

bilde

Av manuelle lerret har vi lerret for oppheng på vegg eller i tak, samt mobile lerret. Størrelsane kan variere frå 125 x 125 til 300 x 300. Ein kan få manuelle lerret i formata 1:1, 4:3, 16:9 eller 16:10. Dersom ein skal ha lerret som er over 300 cm breidt, må ein kjøpe eit motorisert lerret. [Les meir]